Infinitiv er nemneforma av verbet. Verb som har «å» framfor seg, står i infinitiv:
å køyre, å gå
Infinitiv kan anten ende på -a eller -e:
å lese – å lesa, å skrive – å skriva
I ordlista er dei skrivne med -e, men begge formene er tillatne.
Svake verb har oftast
ending i presens (notid)
ending i preteritum (fortid)
Døme:
å danse – dansar – dansa – har dansa
å kjøpe – kjøper – kjøpte – har kjøpt
Sterke verb har oftast
inga ending i presens
inga ending i preteritum
vokalskifte i preteritum
Døme:
å skrive – skriv – skreiv – har skrive
Legg sterke og svake verb i dei riktige haugane.