Sagaserien gir deg:

• få komponenter
• en ytterligere styrking av grunnleggende ferdigheter
• kronologisk litteraturhistorie
• ryddige og brukervennlige bøker.
• fokus på sjangerlære
• mer sakprosa
• flere norske og nordiske tekster
• enda flere og bedre oppgaver

Sagaserien består av:

• ei grunnbok per trinn
• ei fellesspråklig lesebok per trinn som følger strukturen i grunnboka.
  Leseboka inneholder også oppgaver
• grammatikk- og rettskrivingsbok som følger eleven gjennom
  hele ungdomsskolen
• lærerveiledning på nettet og i papirutgave
• fyldig nettressurs
• digital bok som kan benyttes på interaktive tavler, pc og nettbrett.

Ivar Aasen

aasen_7_s.jpg

Ivar Aasen var bondeson og voks opp i enkle kår i Ørsta på Sunnmøre. Da han var tre år gammal, døydde mora, og tretten år gammal mista han også faren sin. Heretter måtte den unge guten ta del i det slitsame gardsarbeidet, som han korkje lika eller hadde krefter til. Den eldste broren truga med at dersom han ikkje arbeidde, ville det heller ikkje bli noko å ete.

aasen_2.jpg

Ivar Aasen var glad i å lese, og i nabobygda Volda fanst ei boksamling der han kunne låne bøker. Berre 18 år gammal blei han omgangsskulelærar i heimbygda, og to år seinare blei han huslærar hos prosten Thoresen på Herøy på Sunnmøre.

Prost Thoresen blei så begeistra for den unge Aasen at han bestemte seg for å gi han privatundervisning og hjelpe han vidare med utdanninga. Men noka akademisk utdanning ville ikkje Aasen ha. Han ville studere på eiga hand, utan hjelp frå andre, og det han lærde, skulle komme bondestanden til gode, den standen han sjølv høyrde til.

Etter to år flytta han til Solnør ved Ålesund og heldt fram med sjølvstudia sine. Her fann han nokre bøker som var skrivne på gammalnorsk, og han blei forundra over kor likt dette språket var hans eigen dialekt. Kunne det vere ein samanheng mellom bygde-dialektane og det norrøne språket?

Aasen syntest det var unaturleg at nordmenn skulle lese bøker på dansk, eit skriftspråk som verka framandt og var fjernt frå det norske talemålet. Det store livsverket hans blei difor å skape eit eige norsk skriftspråk på grunnlag av ein del av dei norske dialektane.

Vel rett svar.

Kor mykje har du fått med deg av det du no har lese om Ivar Aasen?
Test deg sjølv.

1. Kva lika Ivar Aasen best å gjere som barn?

2. Kva slags hjelp ville prost Thoresen gi Ivar?

3. Kvifor takka Ivar Aasen nei til prostens tilbod?

4. Kva var livsverket til Ivar Aasen?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies